På Svenseid er vår nye heim og for oss den perfekte plass å bu! Svenseid ligger midt mellom Lunde og Bø (sommarland). Me flytta hit sommaren 2007 og trives svært godt her. Eg hadde lenge ønska meg eit lite småbruk med masse plass til å ha dyr og ikkje minst treningsplass til hundane. På vestlandet er det ikkje lett å finna ein sånn plass og eg hadde vore inne på tanken å flytte. Men å flytte med ein ungdom i hus er ikkje alltid populært så eg hadde ikkje trudd at det vart flytting med oss. Men når eg nemde dette til Sølve så vart han kjempe glad, han var heilt klar for å flytte på seg!

Så då begynte leiting etter hus/småbruk primært i Telemark. Eg var open for det meste men såg for meg eit lite hus i skogen med stor tomt. Eg såg på fleire småbruk på sørlandet og her i Telemark men det var alltid noko galt enten med beliggenheten, standard eller manglande treningsbane til hundane. Faktisk så hadde eg nesten gitt opp flytteplanane når Sølve ba meg ta ein siste tur austover for å sjå på hus. Og jammen snubla eg over denne plassen og bestemte meg på ståande fot at dette skulle me ha! Huset vart kjøpt på ei helg og eg har ikkje angra på det ein dag!

Her har me ca 7 mål tomt, stor inngjerda treningsbane og skogen til nermaste nabo. Går me på tur litt innover i skogen er det også små tjern der hundane kan bade om sommaren.
Eit eldorado for oss! Hundane har eit stort og isolert hus der dei er når me er på jobb og skule. Kjempe praktisk!

Huset er ikkje eit lite hus i skogen.. her er 5 store soverom, 2 store stover, kontor og 3 bad + mange boder. Så her er det god plass til gjester, og det er heilt topp når det er mange på besøk for me går på ingen måte oppå kvarandre! I tillegg er det uthus og 3-dobbel isolert garage med smørjegrop og innlagt vann. Så her har me alt me trenger + litt til!

Svenseid

Svenseid

Svenseid

Svenseid