Sølve

Sølve er min sønn og han er fødd i -90. Han har alltid vore glad i dyr og som 5-åring var det eit kjæledyr som stod høgast på ønskelista. Han fekk ei kanin til jul samme år og han var kjempe takknemmelig for den. Kanina fekk all den omsorg den hadde behov for og det var stor sorg i heimen når den vart sjuk og døydde! Han fekk 2 kaniner etter det men han ønska seg også ein hund... No hadde han jo bevist at han ikkje vart lei av dyrene sine og var flink å ta seg av dei. Eg hadde også veldig lyst på hund og det enda med at Kerry Blue Terrieren Hero kom til oss. Sølve fekk seinare sin eigen hund Atillus og dei to er ein rå ekvipasje! Sølve og Atillus har trent spor og LP. (sjå bronsemerke film på mediasidene).

Sølve har også vore lidenskapelig opptatt av å lese. Når han var liten hadde han ikkje alltid tid til å ta imot besøk fordi boka han las var så spennande... Han leser gjerne på engelsk og liker også å skrive sjølv. Mange av stilane han skreiv på ungdomsskulen vart belønna med 6 `ere og vart lest av mange. Han vart spådd ei lys framtid som forfatter!

Elles er Sølve opptatt av sport og som 10 åring han hadde lyst til å trene karate. Den nermaste karateklubben var i Bergen (1 times kjøring) og eg hadde planer om å kjøra han dit. Men etter å fått med oss nokre fleire som ville trene fekk me organisert treninger i Øystese. Etter å ha drive "klubben" aleina i 2 år og interressa var aukande så danna me "Kvam Karateklubb". Klubben lever i beste velgåande og er med dei store klubbane i Kvam med ca 80 medlemmer. Sølve trente aktivt fram til me flytta til Svenseid. Siste året har han vore mykje sjuk så at det vil ta tid før han blir like sprek igjen.

Sølve går 2 året på Bø vidaregåande skule.