Hero


Fakta
Nick: Hero
Født: 30.08.2000
Død: 02.10.2007
Reg.nr: 20915/00
Kjønn: Hann
Farge: Blå
Bitt: Korrekt, alle tenner
Testikler: OK

Meritter
Spor: Klasse C
Rundering: Klasse C

Far: DK N S UCH Kordes Just One
Mor: N UCH Valera's Lagunilla

Hero er den hunden eg har lært mest av å ha. Ofte måtte eg vera veldig kreativ under innlæring. For eksempel hadde eg veldig lyst til å gå spor men det låg ikkje så naturleg for han som for andre hunder. Han var ein terrier, hi og rottehund med masse jaktinstinkt. Og det året me begynte med sportrening så var det lemmen-år... Eg forstår ikkje at eg (me) ikkje gav opp! Men Hero vart faktisk ganske flink til slutt. Ein gong han gjekk spor så sprang det mus rett framfor snuten hans og eg trudde då at løpet var kjørt, men neida, han gjekk vidare då han fekk ein ekstra kommando. Han gjekk til sporslutt men sprang eit stykke tilbake når han fekk "fri", og gjett kva han fann!?! Eit heilt bol med rosa musunger! FYSJ!

Med Hero så trente eg også rundering. Han visste godt kva oppdraget gjekk ut på og feilmelde aldri. Ein gong under ein konkurranse kjem Hero inn uten fastbittet og viser heilt febrilsk at han liksom "melder". Eg sa til dommaren at eg ville gå ut på funn, og riktig nok! Der var det figurant og fastbittet hadde han altså sett fast i ein busk som han også viste oss. Då vart dommaren også imponert! Flinke Hero gutten.

Han er nok den einaste av sitt slag i Norge som har konkurrert i C-spor og rundering.

Elles lærde eg masse om klikkertrening når eg hadde Hero, han var svært kreativ og "klikkerklok"! Han kunne veldig mange triks og me sette dette saman til freestyle (dans med musikk). Han var kjempe stødig og kjapp i øvelsane. Synd at eg ikkje har fleire filmer av oss.

Minuset med Hero var at han hadde sine nykker: ikkje glad i fremmande folk, mørke folk, hanhunder, shefer uansett kjønn osv. Men tross dette så var han ein del av flokken og sjarmerte dei han likte og var trygg på. Men det var litt hemmande når me for eksempel skulle konkurrere, spesielt fellesdekk grua eg meg til! Han låg for såvidt stødig, men tenkte med gru på om ein av dei andre reiste seg. Spesielt schäfer som nesten alltid var med på desse konkurransane.Så eg vart litt mobba for at eg "steppa" under fellesdekken... Var litt nervøs ja!

I oktober -07 vart Hero sjuk, han tissa reint blod. Eg tok han til dyrlege der det vart tatt mange prøver av han. Det viste seg at det var immunforsvaret som gjekk til angrep på indre organ. Me prøvde med behandling men han vart berre dårlegare så han fekk sleppe. Det var så tungt å mista han!