Hovedside

Kennel Lillivo sin filosofi

Som fersk oppdretter synes eg det er viktig å sei noko om det eg vektlegger i mitt oppdrett. Og for meg er det ingen tvil om at GEMYTT er det som er viktigaste av alt! Det hjelper lite om ein hund har alle mulige tester på god helse, lever til den er 15 år og er godt merritert om den fungerer dårlig i kvardagen.
Det viktigaste for meg er å ha ein hund eg trives med og som er lett å handtere i alle situasjoner. Eg har sjølv hatt ein hund med masse vokt, som var mindre glad i ukjente folk og andre hunder. Eg var veldig glad i hunden og ville aldri vore foruten, men eg ser i ettertid kor mykje den hemma meg i ulike situasjoner. Dette er erfaringer som gjer at eg vil ikkje bruke hunder med overdriven vokt og skarphet i mitt oppdrett!

Eg vil avle på hunder som er mentalt stabile, som vil jobbe og som sjølvsagt er sunne og klinisk friske! Eg vil også ha hunder som er rasetypiske som beveger seg med sunne bevegelser, og gjer dei det bra på utstilling er det ein ekstra bonus.

Eg vil som oppdretter sette stor pris på tilbakemeldinger om korleis det går med valpane i sine nye heimar, få tilbakemeldinger på ulike resultater, tester osv. Då får eg ein peikepinn på korleis kullet utvikler seg noko som er viktig i evt vidare avl.
Eg vil også hjelpe til så godt eg kan om det er ting valpkjøpere lurer på. Om nokon frå Telemark kjøper valp frå meg så får dei tilbud om gratis valpekurs hos meg. Eg vil også organisere kenneltreff sånn at eg kan sjå valpane "mine" att. Mange setter pris på å treffe kullsøsken til hunden og det er ein god måte å utveksle kunnskap og erfaringer på.