Eva og Ivo
Viktig med god kontakt

GNISTEN HUNDESKOLE

Då er altså Gnisten Hundeskole eit faktum :-)

Hundeskolen vart registrert fredag 13 mars og me får tru den datoen betyr hell og lukke!

Namnet Gnisten er litt symbolsk. Eg ønsker å halde kurs på ulike nivå og for folk i alle aldrer uansett forkunnskaper om hund. Målet mitt er å tenne ein gnist sånn at folk får lyst til å læra meir om ulike aktiviteter og ikkje minst få auka forståelse for kommunikasjon med hunden i kvardagen.

Eg valgte å registrere hundeskolen fordi det er mange som spør etter kurs. Eg har hatt deltakere som reiser heilt frå Porsgrunn og Vinje for å gå på kurs her. Dei som reiser lengst kjører altså 1,45 t kvar veg! Kjempe flott at dei vil reise så langt! Så då må eg yte det eg kan sånn at dei synes det er verdt turen :-)

På kursene formidler eg læringsteori og viser ulike læringsmetoder. Eg jobber mykje ut frå klikkermetoden, belønner ønska adferd og framelsker at hunden tar initiativ. Det skal vera lystbetont for både to og firebeinte å trene!

Eg er opptatt av at alle skal ha utbytte og glede av å gå på kurs hos Gnisten Hundeskole! Rammene rundt er derfor også viktige. Eg legger til rette for at det skal bli tid til litt sosialt samtidig som det blir gode forklaringer/diskusjoner rundt det me jobber med. Det er viktig at deltakerne får ein forståelse av kvifor me jobber sånn. Kjedelig å gjera ting ein ikkje skjønner poenget med...

Elles arrangerer eg fellestreninger nokre søndager for alle som går på kurs her. Då er det litt fellestrening men mest eigentrening. Dei som vil kan evt bruke agility-banen og andre kan trene fellesøvelser. I alle fall blir det grilling og sosialt.

Gnisten Hundeskole vil legge til rette for kurs gjennom heile året. Kursene starter opp etter kvart som det er mange nok som ønsker f.eks valpekurs, kvardagslydighet eller konkurranseretta lydighet (LP).

Kursene vil som oftast bli lagt til kvelder men også på dagtid torsdager. Det blir også leigd inn eksterne instruktører og då blir det primært helgekurs. Dei fleste kursene blir her på Svenseid men eg reiser også om det er fleire frå f.eks Skien eller Seljord som ønsker kurs.

For dei som ikkje har hatt hund før kan eg evt hjelpa ang valg av rase og kva andre ting de bør sjå etter når de kjøper hund. Det kan også vera lurt å bli med på eit valpe eller grunnkurs som observatør før kjøp av hund. Då blir ein litt i forkant av eventuelle problemer som vil dukke opp...

Om du vil melde deg på kurs eller ønsker meir info, så ta kontakt!

Kontaktinfo