Gnisten Hundeskole kan tilby ulike kurs og temakvelder året igjennom, da vi har tilgang til oppvarmede lokaler med godt underlag å trene i.

Pga stor etterspørsel vil det bli satt opp valpekurs utover hele høsten. Ta kontakt for mer info.

Valpekurs
Valpekurs
 

På valpekursa er det fyrst ein teorikveld der deltakerne lærer litt om valpen sine behov og utvikling fyrste tida.
Videre blir det formidla litt om læringsteori og det blir lagt vekt på at kvar ekvipasje skal få eit godt treningsgrunnlag! På kurskveldane trener me blant anna på innkalling, kontakt mellom hund og fører, enkle øvelser, gå fint i band og andre praktiske ting som deltakerne har ønske om. På valpekurs lærer også valpen å omgå andre folk og hunder.

Valpekurs er ei god investering for eit godt hundehald

Pris: 1500,-
Antall ekvipasjer: max 6
Varighet: 8 kvelder á 2 timer (16 timer)

Grunnkurs/Lydighetskurs
Grunnkurs/LP kurs
 

Desse kursa blir lagt opp på ulike nivå, alt etter kva folk ønsker. Mange er kanskje mest opptatt av å få ein hund som fungerer bra i kvardagen og vil gjerne læra meir om hund generelt. Då har me fokus på læringsteori og god kommunikasjon mellom hund og fører. For at hunden skal trivast og vera harmonisk må den også få utfordringer etter det aktivitetsbehovet den har. På kursene prøver eg å finne aktiviteter som passer for både hund og eiger! Satser på at alle som går på kurs blir inspirert til å vera meir aktive med hundane sine.

Andre vil kanskje gå konkurranselydighet og velger kurs der me trener ulike lydighetsøvelser. Då har me fokus på å trene med presisjon og tempo med tanke på konkurranse. Mange begynner å trene lydighet berre for å ha ein aktivitet saman med hundane, og fleire av dei hamner nok i lydighetsringen ein dag…. uansett, ein plass må alle begynne. Innlæringsmetodane eg bruker gjer at lydighet blir lystbetont for hund og eiger. Ingen bruk av straff, kun positive og "moderne" innlæringsmetoder!

Pris: 1500,-
Antall ekvipasjer: max 8 ekvipasjer
Varighet: 8 kvelder á 2 timer (16 timer)

 
Freestyle/HTM - Kreativ lydighet
Freestyle
 

Freestyle og HTM (heelwork to music) blir Gnisten Hundeskole sitt hovud satsningsområde framover. Dette er ein relativt ny sport i Norge. Her på Gnisten har me hatt fleire kurs med innleigde instruktører dei siste årene og det har vore fulltegna kvar gong. Veldig moro at me har lukkast med å tenne ein freestyle-gnist hos så mange.

FS og HTM er også kalla kreativ lydighet eller dans med hund. Denne sporten passer for alle to og firebeinte uansett alder. Her kan man fritt sette sammen program som passer til hund/fører og musikken. Veldig moro og lystbetont rett og slett.

No er me to stykk her på Gnisten som har tatt instruktørkurs innan freestyle, så no vil me ha eigne grunnkurs og leige inn flinke instruktører til vidaregående kurs.

Pris: 1400,-

 
Introkurs i spor
Sporkurs
 

Spor er ein fin aktivitet for både hund og eiger. Hunden får brukt sansane sine og blir sliten på ein annan måte enn om den berre får fysisk trening. Om hunden får gå spor i 10 min er den gjerne like trøtt som om den skulle vore på tur i 2 timer… Det er veldig ulikt kor naturleg det er for dei ulike rasane å gå spor men dei aller fleste hunder kan trenast opp til det. Eg konkurrerte med min kerry blue terrier men brukte nok mykje lengre tid på innlæring enn eg ville gjort med f.eks ein schefer. Om nokon vil prøva å gå spor kan eg hjelpa folk i gang. Om det er mange som er vidarekomne så leiger eg inn ekstern instruktør.

Helgekurs spor: 1000,-
Andre priser for innleide instruktører.

Film av Ivo sporer + budføring

Film av Ivo D lydighet

 
Agilitykurs
Agilitykurs
 

Agility er ein hundesport som er blitt veldig populær siste årene. Agility består av ulike hinder som hunden skal over eller gjennom. Her på Svenseid har eg nesten full bane som står framme heile sommerhalvåret. Veldig kjekt å trene utan å bygge og rydde bane heile tida. Eg trener for det meste til ”heimebruk” men satser på at Mikke og Atillus skal konkurrere i AG ein gong.

Det blir eksterne instruktører på AG-kurs.

 
Kursomtaler
Kursomtaler
 

Her kan dere lese om hva deltagere synes om kursene.