Kvifor Juba?

Når eg skulle ha ein ny valp var det mange som lurte på kvifor eg landa på nettopp Juba fra kennelen Caradee. Og det er på ingen måte tilfeldig!

Allerede når eg kjøpte min fyrste aussiegutt skjønte eg at det visst nok var eit sjansespel å kjøpe aussie med tanke på gemytt... Eg kom på treningsleger i Sverige i 2004 og var så ubegripelig stolt av min nydelige aussievalp Leon... Folk sa som sant var at han var nydelig men det var nesten som dei syntes synd om meg som hadde falt for den rasen, eg måtte berre forberede meg på litt diverse... Eg kunne ikkje begripe at det kunne vera så ille for eg var virkelig så fornøgd med min lille Leon. Etter kvart har eg sett og høyrt masse så dette er ein rase som sliter med gemyttet uten tvil, mange har vore tvungen å avlive unge og friske hunder pga overdriven vokt, skarphet og redsler. Så dette ville eg absolutt ikkje ha!

Det eg vidare har merka meg er at mange aussier som har gjort gode mentaltester og imponert dommarane stort er allikevel ikkje nødvendigvis er ein trygg og harmonisk hund i kvardagen. Og det er dette som gjer det heile så vanskelig...
Eg vil jo gjerne at at alt skal vera på strekk når eg skal velge meg ny valp, og spesielt når ein tenkjer videre avl. Gemytt, helse,jobbeigenskaper, utseende og tester skal aller helst vera 100 %...

Men til meir eg lærer, lytter og ser så kjem det tydelig fram at så enkelt er det berre ikkje... Faktisk så må man som oppdretter velge kva man vil vektlegge mest. Noko "minuser" må man ta med og heller ta omsyn til i neste ledd sånn at svakheter ikkje "dobler" seg.
Og det som er aller viktigast for meg er å ha ein hund eg vil trivast med i kvardagen. Og da tenkjer eg at hunden må takle folk, store og små, omgå andre hunder uten aggressjon/redsel, takle ulike miljø, like å jobbe og vera grei å handtere med normal oppdragelse.
Og det som gjorde at eg landa på kennel Caradee er at mor til Juba kjem fra kennel Meet My Own som har oppdretta mange hunder med gode arbeidseigenskaper, har gjennomført gode MH-tester, mange har gjort det bra på utstilling, men det viktigaste av alt: Eg har fylgt med på aussien i mange år og det eg merker meg mest av alt er at valpekjøpere fra MMO er så fornøgde og stolte av hundane sine. Dei trivast med hundane og mange konkurrerer på høgt nivå i både LP og bruks!
Så alt dette er altså grunnen til at eg enda opp med valp fra Caradee, ein heilhetsvurdering med størst vekt på gemytt.

Så kjem en halvårsrapport om Juba

Og da forventer vel dei fleste at her var det kjærlighet ved fyrste bikk osv... Men så rosenrødt var det faktisk ikkje. Eg hadde venta på Juba nermere eit år, forventningane var skyhøge og eg fekk velge valp på øverste hylle. Juba var 1 av 8 tispevalper, trygg og frampå i kullet, akkurat sånn som eg ønska det.

Men i ny heim viste ho heilt andre tendenser dei fyrste dagane... Ho møtte mennesker som kom på besøk med å trekke seg tilbake, ho kunne til og med vera redd... Det varte ofte ikkje så mange sekunder og ho lot seg ALLTID kjøpe om dei gav ho godbit, matvrak av dimmensjoner så ho var lettkjøpt :-) Men det at ho reagerte sånn var ganske uventa og eg vart heilt fortvila. Eg veit at mange valper gjerne ikkje heilt viser sitt sanne "jeg" før dei flytter ut av valpekassen og eg såg for meg det verste...... Har eg eg likevel enda opp med ein aussie med akkurat dei eigenskapane eg absolutt ikkje ville ha..??

Eg brukte masse tid på å sosialisere Juba på folk dei fyrste vekene og for å sei det sånn så er det vel ingen som ser på Juba som særlig reservert i dag :-) Ho trengte nok berre å lande litt i ny heim så eg bekymrer meg ikkje for dette lenger. Så lenge det er trenbart og gjekk over så pass fort synes eg det er greit. Det hender ho tenkjer seg om før ho helser på nye folk no også men det går over på sekunder, dei fleste som tar kontakt springer ho bort til med ein gong. Ang miljø takler denne jenta alt av lyder,torden, trafikk, osv. Ho kan skvette til om ho kommer over noko ho aldri har sett før, men da tar nysgjerrigheten over og ho kryper flatt på bakken mot det skumle for å finne ut av det... når ho skjænner at det ikkje er noko farlig blir ho heilt fjollete, nesten litt flau..

Elles er Juba ei stor jente.. Når ho var 7 mndr var ho 24 kg og da uten eit gram for masse på kroppen. Ang høgde ligger ho allerede rundt høgstemålet vil eg tippe, altså rund 54 cm, så ho er ei stor jente! Ho har kraftig beinstamme, (nesten grov...) muskuløs kropp, fantastisk tjukk og blank pels, og siste tida synes eg ho har fått eit vakkert hode som harmonerer med resten.... :-)

I det siste er det mange som har kommentert at jenta har blitt utrulig flott, og det er eg heilt einig i! Og ho beveger seg også utruleg elegant, ho har ein spenst og styrke eg knapt har sett maken til. Ein stolt og flott holdning, meget grasiøs og lekker jente (ikkje spesielt feminin kanskje men søt lell.)

Jenta har også mykje gjeting i seg, så ei stund minna ho mest om ein BC.. Det er fleire som har kommenterer at ho må vera den flottaste BC gutten dei har sett. Veit ikkje heilt om eg skal ta det som eit kompliment eller ikkje... Ang trening er jenta ivrig og lettlært, klok jente rett og slett! Når det gjelder turer, leite etter mennesker i skogen osv så har ho stor kapasitet!!! Makan til uholdande og sperk jente!
Av-knappen har også virka bra fram til no... Men ho er rett og slett uvøren og RÅ når ho springer på turer eller er her på tunet så ho har skada seg fleire gonger. Da må eg holde ho i ro, og da ligger jenta og lader opp og skal ta igjen alt det forsømte på ein gong.. Da fungerer ikkje av-knappen og det går i 200. Ofte ender dette opp med nye skader og så er det på `an igjen..

Alt i alt er eg utrulig godt fornøgd med go-jenta mi når me berre lærte kvarandre å kjenne. Ho fungerer bra med folk, spesielt glad i barn, veldig grei med andre hunder, litt vel masse fart innimellom kanskje... Sliter ut den eine etter den andre... Og jobbmessig skuffer ho på ingen måte!

Eg satser på å konkurrere i spor med Juba om 1 år eller 2. Vidare satser me LP om me trives med det. Kan henda me prøver litt med freestyle også.

Takk til Carina for at eg fekk kjøpe denne flotte jenta!