Eva

Eg vart fødd ein sommardag i 1966, er utdanna førskulelærar og har jobb som pedagogisk leiar i Sluseparken barnehage. Me flytta inn barnehagen i jula -08. Kjempe flott bygg og eit supert uteområde! Finaste barnehage eg har sett nokon gong! Kjempe heldig som har fått jobb her.

Min store hobby er hund! Frå eg var liten hadde eg lyst på hund men fekk det aldri. Når eg var 16 år og jobba i gartneri vart eg kjent med schäferen Cito. Han var med meg heile dagen på jobb og om kveldane gjekk me lange turer. Eg bestemte meg då for at ein gong i framtida skulle eg ha min eigen hund... Og etter veldig mange år når Sølve begynte å mase om hund så kom Hero gutten til oss. Av Hero lærte eg masse, me var med på det meste av kurs som kunne oppdrivast nært og fjernt! Med mange like engasjerte hunde folk i klubben så vart hund fort ein livsstil og kjær hobby! Tone som er ein dyktig leiar i Kvam Hundeklubb oppmuntra meg til å ta instruktørutdanning noko eg er svært glad for. Gjennom utdanninga lærde eg masse og det har vore moro og lærerikt å halde kurs for andre. Sommaren 2007 flytta me hit til Svenseid og har ikkje angra på det. Men når det gjelder trening av hund så sakner eg ofte treningane våre i Øystese. Det blir liksom eit anna nivå...
Men eg prøver så godt eg kan å halde meg oppdatert, og ikkje minst så er eg blitt kjent med fleire som er interressert i å læra meir om å trena hund!

Før hobbyen med hund tok av så var eg veldig glad i å fiske. Eg gjorde eit forsøk på å få Sølve like engasjert men det var fullstendig døfødt! Han satt der på båtripa eller bryggekanten og leste, og han vart sur når eg forstyrra han med mine gledeshyl når eg fekk fisk. Det er vel ingen ting som virker så sterkt på meg som når fisken rykker i snøret... då tar eg (som elles er ganske sindig) heilt av!!!
Eg seier for all del ikkje nei til ein fisketur no heller men det er ingen som vil vera med. Dei påstår at ein aldri kjem på land igjen... må jo berre nett prøva litt til...
Eg har prøvd å få med meg folk på gjeddefiske her ved slusene men det er ingen som synes om den ideen. Eg er sikker på at det hadde vore ein opplevelse!

Tidlegare har eg vore flittig ved symaskina men valgte å selge industrimaskina mi når me flytta. Det vart litt for mange oppdrag som eg ikkje ”kunne” sei nei til. Reparasjoner av båtputer, kalesjer, motosykkelsal, beremeiser osv. Det gjorde at det vart mest arbeid og mindre moro med å skape nye ting. Men eg har fortsatt ei vanleg symaskin som eg tar fram berre om eg får lyst.