Fakta
Nick: Lilly
Født: 15.01.2007
Reg.nr: 03297/07
Kjønn: Tispe
Farge: Red merle
Hale: NBT
Bitt: Korrekt, alle tenner

Helse
HD: A
AD: C / A (skade)
Øyne: U.a. (2008)
MRD1 test: + / +
CEA/CH-test: Normal

Resultater
Utstilling: CK, RES CACIB

Lilly er ei lita, søt, kjapp og veldig sjarmerande tispe! Eg kunne ikkje vore meir fornøgd ang gemytt! Ho har det meste av det eg ser etter i ein aussie. Ho er trygg, harmonisk, lett å motivere, har stor leikelyst, lettlært, har energi og trøkk i alt ho gjer. Ho kan gå fot mil etter mil uten å dale i intensitet, og ikkje går ho seg opp i stress heller om det tar tid før belønninga kjem. Det er full trøkk så lenge det skjer noko og ho har god avknapp. På den andre sida kan ho vera veldig rampete og sjølvstendig. Får ho plutselig ein ide om at ho vil ta seg ein raptusrunde på eigehand, ja så gjer ho det... Ho elsker ho å bade, aller helst tar ho eit gjørmebad om sjansen byr seg!

Elles er ho glad i folk og er veldig grei med andre hunder. Har aldri sett at ho har hatt antydning til "bitch-tendensar".

Lilly har ikkje overdriven vokt eller skarphet. Ho er rett og slett ei kjempe trivelig tispe som er lett å ha med seg over alt.

Lilly har desverre ein C-albue. På samme foten har ho hatt ein skade som kan vere forenlig med denne (har veterinærattest). Men det kan heller ikkje utelukkast at det er ein reell C-albue.

Men Lilly har så mange kvaliteter som eg verdsetter høgt at eg vil avle på ho trass i dette.

Nokre mennesker har vore mindre begeistra for aussien av ulike grunner, vokt/skarphet/reserverte/lite samarbeidsvillige osv. Men etter å ha helst på Lilly så vil dei faktisk vurdere aussie igjen! Dette er folk som er trener aktivt og veit kva dei vil ha, så det er god reklame!