Fakta
Nick: Fanta
Født: 17.05.2010
Reg.nr: NO47003/10
Kjønn: Tispe
Farge: Red Merle med tan - overtegnet
Hale: Lang
Bitt:

Helse
HD:
AD:
Øyne: Fri (2010)

Resultater
K-test: Bestått
Eier::
Pia Eftedal, Larvik

Lillivo's Head Over Heels La Boheme

Tispe nummer 2 hadde hastverk med å komme til verden etter at den store gutten me mista måtte hjelpast ut hos vetrinær. Inga skulle berre lufte Lilly litt etter at me hadde tatt ut den døde gutten. Lilly sette seg ned for å tisse og der kom jammen Hasta i samme farten. Denne jenta fekk tidleg namet Lillivo`s Head Over Heels La Boheme. Det passa jo så bra med måten ho kom til verden på. La Boheme ville eg også ha med fordi valpane vart fødd på sjølvaste 17 mai og da ville eg ha med noko som var litt ”norsk” også. Og om det blir fleire kull her så blir det B-kull og Boheme. Hasta med sitt glade vesen, ein hale som går heile tida og ikkje minst så rask å komme til verden - sånn fødsel og sånne valper ønsker eg neste gong!

Og Hasta lever opp til namnet sitt. Ho er kjapp og smidig som få - utruleg morsom, leiken og gal. Ho har på mange måter tatt igjen sin kjære søster ang aktivitetsnivå og rampestreker. Ho er intens og viljesterk. Ho vakner med eit hyl og SKAL UT! Ho er rett og slett meget bestemt, vil det skal skje noko så lenge ho er våken!

Men så er ho veldig lydhør og kjem som ei kule når me roper på ho.

Hasta er nok ei jente som blir lett å trene med- kjapp, våken og lettlært!

Fanta 1/2 år

Fanta er med Pia i fjøset kvar dag til kuene og ho har fått prøvd å gjete sau og ho viser gode takter. Veldig moro at ein av valpane blir brukt på sau!

Dette er jenta som viste mest gjetetendenser i kullet. Ho smaug seg avgårde og gjette på dei andre. Herleg kroppsspråk på den jenta, og så utruleg sjarmerande!

Pia forteller at ho er stolt over jenta si som er så flink å gå spor og rundere. Fanta er meget trygg og sjølvstendig og springer gladelig ut til figurant og ho elsker mest av alt ein god drakamp som belønning!